- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
83

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I prestegarden

83

romet sitt og skal segja oss korleis me skal liva, han no; so
lyt me sjaa til aa gjera det» — sa ho. Um sundagskveldarne
gjekk dei igjenom att preika, og tala daa stødt um korleis
dei skulde »gjera det». Dette var Kold ein meister til.

Ein dag kom det tvo gutar fraa ei onnor sokn og var ille
ute. Dei hadde høyrt Birkedal nokre gonger, og no hadde
dei kome i stor angest. Dei vilde so gjerne faa meir ljos yver
denne nye verdi som han hadde synt deim; men dei vaaga
seg ikkje upp til presten med desse rare spursmaali sine. So
raaka dei Ryslinge-smeden; og han sa: »Nei, de skal heller
ikkje gaa til Birkedal. Men det er komen ein huslærar her
i ein gamall jægerfrakk; han skal greida ut livet aat dykk.»

Ja, so fann dei Kold. Og det kann nok vera han greidde
ut — baade det Birkedal hadde sagt og meir til. Han gjekk
med deim heim, og gav seg ikkje fyrr dei hadde funne fred
hjaa Gud.

Mang ei gild kveldstund vart det i prestegardsstova no.
Naar Kold sat der i krinsen, daa gjekk talen paa det beste.
Birkedal hadde sine store stunder, og kunde stiga høgt upp;
men han kunde og siga djupt ned og kjenna seg tom og
fatig. Daa var det helsebot for han aa høyra paa Kold; ja
han kunde i slike stunder faa hug til aa klemma han inn aat
bringa si, hev han sagt.

Men so kunde desse tvo verta usamde. Og ordskiftet voks
til ein holmgang! Dei var vaksne karar baae; baae tyktest
hava rett, og ingen vilde gjeva seg. Dagen etter kunde so
Birkedal segja: »Naa, Kold, er De like kaut i dag som i
gaar?» — »Aa ja, so menn,» svara han turt.

Men naar kvelden kom, la dei fraa seg »dette gamle», og
tok fram det dei samdest um. Og det vart stødt det største
og beste.

Stundom hadde dei skjemt og moro. Ein svensk magister
var komen der, og sat med i laget;^han og Kold var ofte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free