- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
85

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I prestegarden

85

Med skulen aat Kold gjekk det godt. Borni vart meir og
meir glade og livlege og kloke. Dei fire bondegutarne — naar
dei kom heim til bønderne um kveldarne, var dei fulle av
nytt, og fortalde so morosamt at dei vaksne sat berre og
gapte og lydde. Det var eit syn alt dei visste.

Kvar laurdagskveld samla Kold tenestgutarne og dei unge
husmennerne til møte i prestegarden. »Store danske samfund»
kalla han dette laget. Det kom fleir og fleir; til sist so mange
som huset kunde røma. Fyrste gongen dei var ihop, fortalde
han deim eventyret um »Lemerne som gjorde upprør imot
magen». Og dette vart til stor moro. So greidde han ut
kva eit samfund var for noko — baade det vesle dei kallar
heimen og det store som heiter fedrelandet. Og til slutt sa
han: »Kjærleiken er livet og styrken i alt slags samfund.
Berre den vert heilt sterk og lukkeleg, som finn si gleda i
aa gjera gagn for andre.

Um desse ungdoms-møti sine skriv Kold til Algren: »Store
danske samfund» hev det vitnemaal i grendi, at det gjer ei
god gjerning. Bønderne meiner alt at dei ser ei stor vending
paa tenestgutarne sine, baade i tale og aatferd» . . .

Men herremennerne og mange av storbønderne lika klent
denne rørsla som Birkedal og Kold sette i gang ute i folket.
Dei freista aa spotta; men oftast laut dei stikka pipa i sekk
og tegja. Desse tvo førarane var ikkje aa leika seg med.

Ein sundag var det ein herremann som kjøyrde korn midt
for augo paa kyrkjefolket. Daa kjem Kristen Kold og mange
andre fraa kyrkja.

»Me driv paa og kjøyrer inn korn i dag, herr. Kold!»

»Eg ser det. Det er vel Dykkar eige korn?» spør Kold.

»Ja menn er det so,» segjer herremannen.

»So hev nok De lov til det. Me andre kjøyrer inn Vaar
Herres korn, og han hev gjeve oss fridag i dag.»

Herremannen tagde — slo paa og kjøyrde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free