- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
86

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det veks upp til folkehøgskule

»Vanskelighederne er skapte til at
overvindes. Og hindringer forvandles til
betingelser, saa snart Aanden blæser paa dem.»

|~^enne same hausten som Kold kom aat Fyn, hadde Grundtvig
havt møte paa møte med gilde menner i Kjøpenhamn.
Og det dei tala um var dette: korleis dei skulde faa den
danske bonden upplyst, so han kunde nytta seg av fridomen
som kong Fredrik den 7de hadde gjeve han.

»Aanden hadde vel den gongen og fingrarne sine med
i spelet,» segjer Kold. »For daa dei vart samde um at noko
maatte gjerast, og dei so spurde kva for ein mann dei skulde
faa til aa gjera det, so svara Ludvig Kristian Müller: Eg
veit ingen annan enn Kristen Kold. Og dei syntest alle, at
han var den rette mannen.

»Dette var noko merkeleg rart; for eg var ikkje mykje
skikka til det arbeidet den gongen. No er eg meir skikka til
det; men eg er ikkje paa langt nær godt nok skikka til det
no heller» — segjer han syttan aar etterpaa.

»Ja, so fekk eg brev fraa desse kararne, at eg skulde
koma inn til hovudstaden og samraada meg med deim — so
me kunde vita kva me vilde gjera. Dei skreiv at eg skulde
fara umkring i Jylland og arbeida paa dei unge skule-lærarane,
og faa deim meir upplyste, so dei tok barneskulen sin paa
ein vitugare maate. Men eg svara straks, at eg alt visste

N. S. F. GRUNDTVIG

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free