- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
87

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det veks upp til folkehøgskule

87

kva eg vilde gjera. Eg vilde byggja ein høgre bondeskule
aat ungdomen. Og paa det svara so dei, at daa kunde eg
lita trygt paa at dei vilde stydja skulen min. — Det var ein
merkeleg dag for meg daa eg fekk dette brevet,» segjer han.

Men nokor ferd til Kjøpenhamn vart det ikkje den hausten.
Kold vilde vera heilt viss i si sak. Fyrst vilde han sjaa kor
mykje liv og ljos og aand han kunde faa inn i desse fire
bondegutarne sine. Fyrr han saag kor det gjekk, vilde han
ikkje beda um nokor hjelp.

Men det gjekk godt, heile vinteren. Og likevel — daa
vaaren kom, hadde Kold vorte veik i trui att.

»Er det ikkje underlegt? segjer han; det hev eg all tid
vorte straks fyrr eg skal til med eit gagns arbeid, og det vert
eg naar eg skal upp og tala. Eg bad Vaar Herre at han daa
ikkje maatte føra meg upp i noko som eg ikkje kunde greida
aa driva igjenom. Men so kom det eit skarpt bod fraa
men-nerne i Kjøpenhamn, at no skulde det vera eller so aldri. Eg
kunde ikkje faa hjarta til aa svara at det ikkje skulde vera,
og so maatte eg svara at no skulde det vera.»

Denne vaaren var det ein liten jordveg aa faa kjøpt i
Ryslinge. Det var tjuge maal jord og ei gamall skral bygning,
som ikkje høvde aat nokon skule; dette kosta 2 800 krunor.
»Men eg syntest eg skulde kjøpa det likevel — segjer Kold
— og byggja upp att huset. So gjekk eg heim til mannen
som aatte jordi og huset og spurde um han vilde venta i
aatte dagar med eg for til Kjøpenhamn; eg vaaga ikkje aa
kjøpa det fyrr eg visste um eg fekk nokor hjelp fraa deim
der. Og mannen lova ut aa venta desse aatte dagarne.»

Den næste morgonen tok] so Kold paa veg aat
Kjøpenhamn. Det var ein av fyrste dagarne i mai 1850. Han gjekk
heile vegen. Daa han kom fram aat byporten, drog han av
seg tresko-styvlarne og tok paa seg blanke lér-styvlar — so
ikkje byfolket og gategutarne skulde ha noko aa bisna aat.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free