- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
89

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Det veks upp til folkehøgskule

89

Og so kom han fram med rette ærendi si, at no skulde
han ha den hjelpi dei hadde lova honom.

»Ja, kva skal me gjera — sa Algren — korleis skal dette
gaa? For Grundtvig veit sjølv at det ingen ting er i kassa.»

»Jau — sa Grundtvig — det kjem nok.»

Og so spurde han Kold kor mykje han meinte han laut ha.

»Eg hev sjølv fem hundrad riksdalar,»1 svara Kold. Og
naar eg fær seks hundrad riksdalar til — men det skal vera
til gaava, for eg torer ikkje lova aa betala deim attende —
so hev eg elleve hundrad; og med det skal eg greida meg.»

»Ja — sa Grundtvig — seks hundrad riksdalar og fem
hundrad riksdaler er elleve hundrad; men kor langt kjem De
med det?»

»Ja kann eg ikkje greida det med lite, so greider eg det
heller ikkje med mykje — men eg kann ikkje greida det med
ingenting,» svara Kold.

So sa Grundtvig til Kold:

»Gakk heim og set upp eit bønebrev til skikkelegt folk,
og bed deim at dei skal hjelpa deg med dette tiltaket. Send
so brevet upp til meg, so skal eg skriva paa fyrst, og so skal
me sjaa kva mitt namn kann duga til.»

»Eg kann hugsa det som det hadde hendt igaar,» segjer
Kold 16—17 aar etterpaa.

Daa dei kom ut i gangen, greip Algren Kold i trøya og
sa: »Du er ein lukkefugl, Kold. No hev du saki vunni. Naar
Grundtvig tek seg av deg soleis, daa er ho trygg.»

Og han fekk rett. »Dei seks hundrad riksdalar vart samla
— fortel Kold. »Grundtvig gav sjølv 50 riksdalar, fru Tofte
100, vaar gode gamle Gøricke, som eg tala med igaar, gav
50 . . . .»

Kold kom heim fraa byferdi si, kjøpte jordvegen paa
Ryslinge mark for 2 800 krunor, og no vilde han til aa byggja.

1 1 riksdalar = 2 krunor. «

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free