- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
90

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

90

Det veks upp til folkehøgskule 90

Ut paa sumaren skriv han til Algren:

»Timberet er kjøpt i Odense, og er billegt. Grunnsteinarne
fekk eg til gjevande fraa ei onnor bygd — det finst ikkje
stein her i sokni — og bønderne køyrde deim hit fritt. Av
murstein hev eg alt forma og turka 4 000, so no vantar det
berre 3 000. Timbermann og murar hev ev lov paa. Kalken
hev eg kjøpt og læska for lenge sidan . . .

»Og gamle mor mi hev lova meg sengklæde til tvo sengjer.
Det er ikkje greidt aa faa ihop alt som trengst.

— »Motstandarane hev drege seg attende, eg trur ikkje dei
vaagar noko nytt slag; ein av dei megtugaste hev gjenge
yver aat oss . . . Birkedal preikar so det knakar i kyrkja.

»Med bygningi skal det gaa. Den saki hev Vaar Herre
teke seg av.»

So reiv han det gamle huset og stakk ut tufti aat det nye;
han vilde nytta det gamle treverket so langt det var raad.

Sjølv var han med og arbeidde, plent som ein leigekar,
tidleg og seint, og attaat hadde han tilsynet. Han drog ut
spikar og boltar med knipetong, beinka deim med hamaren
og lagde deim til sides; han pikka og slo den gamle
mursteinen fri for kalk, og lagde han upp i stabbar; han var
med og forma ny murstein, turka han i soli og bar han ihop
— og han saag ofte fælt ut baade paa klæde og kropp. No
gjorde den gamle soldat-frakken hans si siste hertenest.

Kold visste kva han gjorde. Her hadde gode folk gjeve
han pengar, og Gud vilde velsigna. No fekk nok han, Kold,
gjera sitt. Han hadde andsvaret for at huset kom upp, baade
stort og gildt og so billegt som det var raad. Berre paa
denne maaten fekk han lov aa byggja hus aat skulen sin.

• Denne byggje-sumaren vart ei underleg ventetid og
vokster-tid for Kristen Kold, full av gleda og ljose voner, full av
spaning, og stundom med ei stor angest for kor det skulde
gaa.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0094.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free