- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
93

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fyrste skulevinteren

Ckulebygningi aat Kold stod ferdig.

Fyrst var det ei skulestova, ljos og væn og rømeleg;
so ein gild matsal — der skulde alle sitja til bords. So nokre
mindre rom etter høve. Og ovanpaa: ein stor sovesal aat alle
saman. Bygningi var tekt med halmtak.

I juni 1851 sende han ut ein »plan» for skulen sin —
til kristne vakte lægfolk landet rundt, so dei skulde sjaa kva
han vilde. Her bed han sterkt um hjelp aat fatige gutar som
vil paa skulen hans; han tel folk til aa teikna seg paa listor.

Men det kom ingen ungdom og melde seg. Og det leid
lenger og lenger ut paa sumaren, det vart hausten — og enno
hadde ingen meldt seg. Dei vakte vart burte. Dette saag
stusslegt ut. Dei faa venerne hans heldt reint paa aa missa
modet.

Ein kveld gjekk han ut og bad til Gud. Han vart som
driven av stad, tapte burt vegen og kom inn i ein skog. So
kjem han fram paa ein gard. Ingen der er heime, men burte
paa marki stend tvo gutar og arbeider. Kold gjekk dit.

»Kven er du?» spør gutarne.

»Eg er Kristen Kold.»

Men gutarne berre stirer.

»Det er han som skal taka til med den nye skulen i
Ryslinge,» segjer Kold.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free