- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
96

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96

Fyrste skulevinteren

standande som fastnagla og fekk ikkje augo sine fraa huset.
»Eg kunde ikkje lata vera — segjer han—eg maatte ynskja
alt godt yver denne mannen og arbeidet hans no. Eg visste
kva det galdt. Kold hadde ikkje stade det, skulde det gjenge
gale med skulen hans.»

Men han fekk meir enn han bad um. Daa han sidan paa
dagen stod i tunet og saag den eine stasvogni etter den
andre koma rullande med gutar aat skulen — daa kann det
vera han vart glad. »Det er stort, det er stort!» ropte han.

»Dei saag so glade og lukkelege ut, gutarne,» segjer han.
»Dei var glade for dei hadde vunne yver alle vanskarne og
hadde kome avstad. Og eg var so glad at eg visst aldri i
mitt liv hev vore so glad, endaa eg hev vore mykje mykje
glad.»

Nokre dagar etter skriv han til Algren:

»Endeleg fekk me daa skulen i gang. Men det var hardt!
Eg veit ingen ting som hev leita so paa meg som dette. Det
var so mykje aa ordna og so mykje aa ottast for; ja naar
dei minte meg um Iste november, var det som eg fekk ein
elektrisk støyt. Dei kunde kjøpt livet mitt for ein skilling.
Eg skal rett ikkje raa’ nokon til aa ta paa med slikt, som
ikkje hev »meir aa hjelpa seg med» enn eg hev havt.

»Det aller verste var at foreldri stod der og bikka, like
til siste dagen, og let meg hanga millom liv og daude; dei
visste ikkje kva dei vilde, fyrr dagen kom.

»Venerne mine vart rædde; dei syntest at no kom skammi
baade yver deim og yver meg.

»Soleis stod eg aaleine. Men nei — ikkje aaleine. Han
var med, som paa so mange og forunderlege maatar hadde
sagt at eg skulde ta til med dette arbeidet.

»Og so snudde det seg. Folk kom med sønerne sine;
og dei var reint forundra daa dei saag huset og kor gildt alt
var gjort istand. Dei hadde med seg gaavor av mat og drikke,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free