- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
99

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

99 Fyrste skulevinteren



Dei dreiv mykje med rekning — her var Kold reint ein
heksemeister, fortel Birkedal — og dei hadde til og med
matematik. Poulsen-Dal dreiv med natursoga og naturlæra
(fysik); her var han heime.

Kristen Kold var aldri planlaus. Han var klaar. Han
spurde all tid: kvifor? Og gav seg ikkje fyrr han fann svar.
Difor visste han klaarare enn nokon annan i si tid baade kva
han vilde og midlarne til aa naa det.

Det var so rikt og friskt eit samliv millom lærarar og
læresveinar paa denne skulen, serleg dei fyrste vintrarne, fyrr
flokken vart for stor. Ikkje ein gong um natti maatte dei
vera skilde aat. Dei laag paa ein sal alle. Og Kold i den
ei?ie enden av salen og Poulsen-Dal i den andre enden — so
gutarne skulde faa høyra det som desse tvo tala um, til og
med naar dei hadde lagt seg.

Kold tok seg av kvar einskild gut, og han skyna deim so
godt, at han sa um vaaren: »No kann eg gaa ut og inn i
deim med tresko paa, um eg vil.»

Til ein gut sa han um hausten, fyrste gongen han helsa
paa han:

»Ja med deg fær eg mykje aa gjera; du hev nokon gode
augo, men dei er dumme. Men det skal nok gaa.»

Og det gjekk. Kold gav seg ikkje. Guten vart der i tvo
vintrar og ein sumar, og Kold hadde han med seg stødt,
anten ute paa ferderne sine eller heime naar han arbeidde.
»Eg lærde mykje meir av samværet enn av sjølve skulen,
sa guten. Sidan vart han friskulelærar — ein av dei gildaste
barnelærarar som Danmark hev aatt.

— Tidleg ein sundags morgon kom Peter Larsen fraa
Dons — og tok deim alle saman paa sengi! Han arbeidde
seg fram millom sengjerne til han naadde Kold.

»Morgenstund har guld i mund —
her ligger du, din lade hund —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free