- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
102

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

102

Ein bondehovding

Der laut han læra lange kjeicle leksor utanaat; og det
vesle som læraran fortalde, var verre enn alt. Der fekk han
høyra at Jesus hadde gjort fusk, daa han gjorde vatn til vin
i brudlaupet i Kana, og endaa oftare hadde Jesus fuska,
fortalde læraren. No gjorde studentarne i Kjøpenhamn dette
same mykje betre: dei slepte ned i vatnet eit pulver. Og
sidan fekk han meir av same slaget, daa han lærde aa lesa
fornuft-bøkerne aat far sin og stygge franske romanar som
han laante. Han vart ribba for mest all tru og kom reint
burt fraa Gud. Men noko stygt eller raatt liv kasta han seg
ikkje burti — der var han fastare enn alle kameratarne, og
tugta deim naar dei ikkje vilde halda seg i skinnet.

Men ofte han gjekk einsleg og grubla, kom det yver han
noko han aldri skyna; det vart som »kasta paa han», eller
det braut seg fram innan-ifraa, og sprengde han slikt at han
laut springa av og gjøyma seg — og kasta seg beint ned.
Daa bad han til den barneguden som han til dagleg bruk
gjorde moro med. Og dette kom oftare og oftare.

So vart det ei sterk vekkjing der i grendi. Lægpreikaren
Kristen Madsen hadde funne fram att »den gamle trui», som
var ung nok endaa — sa han — til aa frelsa oss or
stakars-domen, baade den grove og den fine; og han tala med stor
magt. Mange mange vart snudde. Kristen Larsen maatte
gjeva han rett i grunnen. Men han treivst ikkje i samlingarne
deira. Og naar dei gamle venerne hans storma paa han at
han skulde umvenda seg, so drog han seg stødt attende.

Verre og verre vart det for han. No stod han att mest
aaleine. I desse tider gjekk han ofte ute og fann ei stor
gleda i Guds skapning og natur. Dette kunde dei gamle
venerne hans ikkje skyna.

Ein dag fann han Grundtvigs sundagsbok heime i huset.
Korleis ei slik bok var komi der, det kunde han sidan aldri
faa greida paa. Han hadde no sagte høyrt um den mannen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free