- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
103

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

103 Ein bondehovding



— denne halvgalné drøymaren som alle vituge folk log aat.
Men dei var rædde han og. Han vilde slaa ned mannavitet;
og han var ein uvyren brand baade til aa tala og skriva.
Gudsborni, dei var endaa ræddare. For dei visste at han var
kjættar; han blanda uforfalska kristendom upp med alt slags
verdsleg tant og tull og gjorde vegen til himmelen lett, ja
strøydde han med rosor og blomar . . .

Det var sundag. Kristen Larsen kunde daa sagte lesa ein
stubb, og sjaa korleis mannen »svinga sverdet». Han tok
boki, gjek ut i hagen og sette seg.

Men han hadde ikkje lese ei halv preika fyrr han sat der
med taaror i augo — det braut upp att dette gamle
innan-ifraa. Men det var noko nytt, det var gledestaaror; han kjende
seg verkeleg glad, for fyrste gong att paa mange aar.

Ei slik preika hadde han aldri lese. Det kom med ei
magt og kraft, og ei tru so høg og heil og varm, og so ljos
og klaar og fager, at det var som himmel-soli sjølv steig ned
og brædde upp isklumpen i hjarta hans. Xo kjende han kor
kvila var aa finna. Jesus Kristus var frelsaren, like vel. Han
magta nok noko som me ikkje greidde aaleine. Aldri hadde
han trutt at den mannen var so sterk og rik og herleg. Xo
saag han det. Han hadde mest fenge nye augo aa sjaa med

— paa ei liti stund.

Sundagsboki aat Grundtvig og det nye testamentet vart
kjæraste lesnaden hans no, etter denne dagen.

Aa, for herlege ljoskastarar! Gudsriket er inni deg, hadde
Jesus sagt. Xett det same sa Grundtvig. Du fekk det i
daapen — sa han — som eit lite fræ, som ein liten gneiste;
og det skulde veksa seg stort og sterkt der inne, og setja
liv i heile ditt menneskje. Dette hadde Jesus og sagt, til
Nikodemus — berre endaa sterkare: Utan du vert fødd paa
nytt, av vatn og Aand, so fær du ikkje dette Guds-livet —
hadde han sagt — kor mykje du strævar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0107.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free