- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
109

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Paa Hindsholm

"Og det som tidt er vaart bedste liv,
det kostar oss livet vaart.

—■ Men aa døy paa denne vegen er
aa duy veL "

Vinje.

Came sumaren kom Kristen Kold til Hindsholm, og tok
til med den frie barneskulen sin, so som han hadde
lova Kristen Larsen og venerne hans daa han var der i jole
helgi.

Det var ein ugift skomakar i Dalby som var spelmann,
og han hadde bygt ein dansarsal attaat stova si. Den salen
leigde dei. Og her tok so Kold til med den fyrste friskulen
i Danmark, som vart mor aat alle dei andre. Dei spreidde
seg sidan ut yver det heile land, og drap ned utanaatlesing
og pugging, hogg og slag og trugsmaal, og skapte liv og
gleda millom borni kvar dei kom.

I juli skriv Kristen Kold til Algren: »No er barneskulen
paa Hindsholm i god gang. Me hev 20 vakre born.
Poulsen-Dal og eg bytest um arbeidet.»

I september skriv han paa nytt: «Hels Grundtvig paa at
friskulen paa Hindsholm gjeng godt med 20 born . . . snart
fær me 15 til! Det er borni som driv saki. Foreldri hev
ikkje hjarta til aa segja nei, naar dei ser kor glade dei er i
skulen.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free