- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
118

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

118

Den store dagen. Siger 118

Det gjekk straalande. Den eine vilde svara fyre den andre;
dei reint kappast.

So vilde Kold taka heimssoga. Og no spurde han
Roh-mann kva han helst hadde hug til aa høyra um.

»Aa, lad dem fortælle os noget om krigen med hunnerne,»
bad den gamle provsten.

Kold fortalde fyrst og gav eit stutt yversyn. Og det gjorde
han so meisterleg friskt og godt at gamlingarne fekk upp augo.
So bad han gutarne fortelja meir; og dei greidde det rett og
godt, stykke for stykke av hunekrigen. Provsten kvikna til
att, og bad tilslutt um aa faa spørja. Det fekk han lov til.
Og gutarne svara gildt, ja dei greidde seg endaa betre no
for provsten.

Men so spør han, med ein fin smil:

»Hvad hed saa den romerske general, der slog Attila?»

Det vart eit stogg i guteflokken.

Daa er det ein liten jyde som heiter Hauge, han svarar:

»Aetius».

»Dette svaret berga skulen vaar,» sa Kold sidan med ein
liten smil.

So skulde Poulsen-Dal til att. No var det naturkunna. Og
no tala han med gutarne um ilt og brint og baser og syrer,
so sokneraadet — som ingen ting kjende til dette — dei sat
berre og glodde og gapte. Og provstarne og gjorde store augo
— for dei hadde ikkje høyrt um dette fyrr, dei heller.

Men so hadde den hin provsten lagt merke til at det sat
nokre faa gutar paa ein benk for seg sjølve — og ikkje hadde
fortalt noko. Dette nemner han no til Kold, og peikar burt
paa gutarne.

«Aa, det kjem av at dei ikkje kann høyra,» svara Kold
turt.

»Herre Gud» — sukka provsten — »det er da tungt for
de stakkels unge mennesker!»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free