- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
123

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Den store dagen. Siger

123

løna han sjølve. Men ikkje gaa ut or folkekjyrkja! Nei, dei
skulde staa — og tvinga staten til aa godkjenna deim; til aa
løysa litegrand paa »mulebandet».

Kold var sterkt uppe i Søren Kierkegaard no. Denne
merkelege mannen, der kom han med bok paa bok, slag i
slag, og svimeslo den gamle rasjonalisma -— og spana bogen
sin til det yttarste, med krav paa sann og personleg
kristendom. Aller sterkast vart Kold teken av »Kjærlighedens
gjerninger». Men her, i denne sak, fekk han sin beste ven,
Kristen Larsen, til sin stridaste motstandar; ja det saag ei stund
ut som det skulde bresta millom dei tvo. Kristen Larsen var
tolv aar eldre enn Kold, og hadde røynt mykje, og trudde
ikkje at det danske folket let seg frelsa paa denne vegen aat
Kierkegaard — nei daa sette han større voner til Grundtvig.

Men so kom »Øieblikket» i 1856 — og gjorde vending
hjaa Kold.

Poulsen-Dal var nede i Tunderup og arbeidde med ein
fri-skule; han fekk boki fyrst. Han sende ho straks til Kold og
skreiv med:

»Eg hev lese boki, og eg er komen til det, at anten hadde
Søren Kierkegaard . . . ein skruve laus — eller so er me
hundsvottar alle i hop og Vaarherre er eit narr; men daa vel eg
helst det fyrste.»

Her fekk Kold métten sin av Søren Kierkegaard.

Men ei kosteleg moro hadde han av sumt i denne boki —
fyrst og sist av kand. theol. Ludvig From, »der søger — ikke
Guds rige og hans retfærdighed, men søger — embede».

Til sist skal me nemna at det var her uppe paa
Hindsholm, i huset hjaa Kristen Kold, at Grundtvigs vener fyrste
gongen kom ihop til lærarmøte, um den nye folkeupplysningi
som no steig fram med dagsljos aat Danmark. Paa høgskulen
aat Kold samla dei seg i midten av august 1859.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free