- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
126

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

126

Høgskulen i Dalum. Ny strid — og siger 126.

»Nei, me skal ikkje det. Naar me stend framanfor dei
store avgjerder i livet, daa gjeld det at alt er full sanning
for oss. Gjev me daa lygni berre eit bitte lite smetthol, so
dreg ho av med oss; den eine lygni dreg den andre etter
seg, og til slutt stend me so inntulla i lygn at me veit ikkje
meir aa berga oss; ho døyver samvitet og mergstel oss
turne for turne, til me ligg der.»

Endeleg fekk han jord. Sjølv kjøpte han garden — tvo
hundrad maal for tjuge tusund krunor.

Grannarne vart forfæra. »Du vil daa vel aldri i verdi
selja garden din til Kristen Kold — du veit daa vel kven
han er og kva han vil her?» ropte dei til mannen som
hadde selt.

Men daa var det for seint.

»No kjenner eg at jordi brenn under føterne mine,» sa
Kold; han var lett som ein ungdom. So var det aa finna ut
tufti der høgskulen skulde staa. Og so til aa grava.

Og straks tok han til med aakerbrot og veitor.

Men det var ein gamall stivbukk til bonde som aatte jordi
jamsides med. Og der laut Kold faa grava ei djup veita,
skulde han faa utlaup aat vatnet.

So hadde grannarne hissa upp denne gamle mannen, til
han banna og svor paa at aldri skulde Kold faa koma med
nokor veita yver hans mark og rota upp jordi han aatte.

Dette fortalde dei Kold. »Aa, det skal nok gaa,» sa han.
Og rusla so burt til mannen.

Fyrst tala dei vel og lenge um gardarne sine, og gjekk
att og fram og saag paa jordi og marki hjaa mannen; det
var ein velstelt gard.

»Det hev vel ikkje sét so godt ut her heller, alle tider?»
segjer Kold. »Det saag sagte onnorleis ut den gongen De
tok tak?»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0130.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free