- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
130

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

130

Høgskulen i Dalum. Ny strid — og siger 130.

bordbøni i den nye høgskulebygningi, daa fylltest han av slik
gleda og takk til Gud, at han fekk ikkje ordet fram.

No opna han folkehøgskulen i Dalum — med 58 gutar.

Og daa vaaren kom, tok han til med gjenteskule.

Fire aar etterpaa — hausten 1866 — stod han paa det
store møtet i hovudstaden og kunde segja:

»Det hev gjenge storveges fram med meg. Me hev bygt
ein høgskule som eit slott — garden kostar femti tusund
kru-nor. Og det som meire er, han kann i grunnen godt svara
si eigi rekning. Me hadde i vinter 70 vaksne gutar paa skulen,
og i sumar 50 vaksne bondegjentor; og i haust hadde me 50
lærarar og skulemenner. Og alle saman var dei komne og
vilde verta upplyste og uppliva.»

Tri aar endaa seinare, i 1868—69, hadde Kristen Kold
110 gutar paa vinterskulen og 112 gjentor paa sumarskulen.

No hadde skulen hans lukkast.

»Folkehøgskuletanken» var ikkje ein vanleg tanke; han
var eit livande saakorn, sendt fraa Gud. Kristen Kold vart
tenaren som saadde fræet midt ned i bondelivet — og nørde
det med sitt liv; paa andre vilkaar gror ikkje slike fræ. Men
no hadde det vokse seg upp til eit livsens tre aat ei ny ætt
i Danmark.

Daa sa han fraa seg statshjelpi. No skulde den frie skulen
hans staa paa eigne føter, utan nokor pengehjelp meir av
staten.

Men pengarne var alt komne. Amtmannen kom med deim.
So segjer Kold:

»Nei — no vert det ikkje sant for meg lenger aa taka
imot pengar av staten.»

»Korleis det?» spør amtmannen.

»Ja — segjer Kold — daa eg søkte um denne hjelpi, var
det tvo ting som dreiv meg; men no er dei ting burte. Det
eine var det, at eg beint fram trong pengarne til aa driva

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free