- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
132

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Høgskulen for gjentor

Juristen Kold er den fyrste som opnar ein folkehøgskule for
gjentor.

Alt i 1855, det andre aaret han var paa Hindsholm, er
tanken framme. Daa skjemtar han med ein slik skule.

Tri av døtterne aat Birkedal kom der paa vitjing. Aa, det
var morosamt der uppe — aa, det var gildt alt saman —
kytte dei.

»Segjer de det?» spør Kold.

Ja, dei treivst so framifraa godt der!

»Det var bra aa høyra. For eg hev tenkt aa faa i stand
ein gjenteskule her,» segjer han. Og de tri skal hjelpa meg
med dette. Den eine av dykk skal styra eldhuset og baka
og bryggja, den andre skal gaa i kjøkenet og koka god
bonde-mat, og den tridje skal vaska alle golv» . . .

»Xei, nei — mange takk, herr. Kold!» Naar han var so
hard og fæl med deim, skulde dei aldri koma der meir . . .

I 1860 er tanken framme for fullt aalvor. Daa skriv han
til ein ven:

»At kvendi er veike — den setningi kjenner eg og. Men
funne hev eg, at dei kann ofra mykje for det dei elskar —
den evna eig dei baade sterk og stor. So her gjeld det berre
um at me kann syna deim dei ting som verkeleg er verde aa
elska og ofra noko for; daa skal me faa god hjelp fraa den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free