- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
137

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Høgskulen for gjentor

137

nerne som vilde ha skulen, daa torde han ikkje vaaga det.
»Ei slik sak krev dagleg offer, og der er ikkje de menner dei
sterkaste,» sa han. Men var det nokre konor med, um so
sant berre tvo, daa lagde han hugheilt i veg med skulen.

— »Nei, det gjekk ikkje der» — sa han eingong han kom
att fraa ei slik ferd. »Eg vilde tala aat deim um borni deira.
Men ikkje ei einaste mor hadde møtt fram; og det sat so
mange kalde og kloke menner og saag paa meg, at eg kunde
ikkje tala.»

Paa høgskulen sin var det oftast um det same han tala
aat gjentome som aat gutarne. Og like vel vart skilnaden
stundom so stor — fortalde presten Knudsen i Leirskov —
at ein kunde mest tvila paa um det var same mannen. Han
tala so mildt aat gjentome — med so mykje meir
hjarte-klang. Han hadde ei makelaus evna til aa gaa inn i folk,
og faa tak i just dei strengjer der inne som var spennte og
kunde tona med.

»So lenge eg kann tala til det beste i ungdomen, skal han
nok finna vegen til skulen min," sa han. Men eg lyt agta
meg, so ikkje verdi fær lokka meg til aa spela falske tonar.»

Gjentome paa skulen sat ofte med bunding eller hekling;
og dette lika ikkje Kold naar han tala. Han kunde ikkje tru
at dei høyrde so godt etter — sa han — og daa var det vel
best aa forbjoda deim det . . .

Men daa er det nokre som svarar, at dei høyrde like godt
etter, ja endaa betre, naar dei hadde noko millom henderne
enn naar dei ikkje hadde det.

Ja, daa vilde Kold venta med aa forbjoda deim det, og
røyna seg fram. Det skulde vera rart um han ikkje hadde
rett, trudde han.

Ein dag bed han so ei gløgg gjenta aa fortelja seg kva
han hadde sagt i gaar. Ho lagde straks fraa seg arbeidet
sitt, og fortalde — og ho greidde det svært godt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0141.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free