Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Friskulanic
141
I 1852 sette han i gang den fyrste friskulen sin, i Dalby
paa Hindsholm, som me hev set. Her arbeidde han sjølv —
han og Poulsen-Dal til skiftes. Dei tok til med 15 born, men
nokre aar etter hadde dei 70, 80 — mest alle borni som
fanst i krinsen.
Ein liten gut, son aat Poul Rasmussen i Sanderum, vart
med paa denne fyrste friskulen aat Kold. Han fortel sidan:
»Eg var ikkje glad daa dei sa eg skulde upp til
Hindsholm paa skulen aat Kold — endaa dei lova meg at eg skulde
faa bu hjaa bestemor mi i Mosegarden.
»Det aa gaa paa skule var det fælaste eg visste her i
verdi, og ein skulemeister det verste menneskje eg kunde
tenkja meg. For eg kjende læraren heime. Gong paa gong
hadde me fenge av tampen hans, baade eg og dei andre
smaagutarne; og til umbyte tok han oss i haaret og klakka
skoltarne vaare ihop so det small. So maatte me sitja att og
lesa paa leksa vaar — og ropa so høgt at han høyrde oss
inn i stova si; ja eg las og gret — las og gret utan stans.
Naar me leika i fritimen, daa stod han i døri og ropte: kom
inn! og daa kjende eg kor det snørde seg ihop i bringa mi.
For no skulde me inn att i den fæle stova til den fæle
læraren og plaagast i mange lange timar. Me var so rædde
han, at me sprang og gjøymde oss naar han kom paa gata;
ja det stod ein kaldtokke fraa han som eg aldri meir vert
kvitt ....
— Ja, so kom eg aat bestemor mi i Dalby og skulde gaa
paa skule hjaa Kold. Eg var baade rædd og harm. Skule
er skule, tenkte eg; den eine er som den andre, og kanskje
verre endaa. Eg vilde mykje heller vera med kararne ute og
kjøyra møk, sa eg. Og den fyrste dagen fekk eg daa lov til det.
Men so kom andre dagen, um morgonen; og no skulde
eg paa skule. Meiner du ikkje, at der kom Kold sjølv! No
skulde eg faa fylgje og, var det likt til.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>