- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
143

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Friskulanic

143

faa tala um og spørja etter. Og so mykje gilde eventyr
som me fekk høyra — eg kunde hugsa og fortelja deim fraa
ende til annan naar eg kom heim; for eg saag daa baade
prinsessa og trollet og oskeladden og alt som hende!

So underlegt gjekk det, at til slutt vart bibelsoga mest
det kjæraste av alt eg høyrde. Naar Kold fortalde um
Abraham og Josef og David, og alle desse herlege menner og
kvinnor der austanfraa, so syntest eg at dette var noko eg
aldri hadde høyrt fyrr. Og likevel hadde eg daa lese det alt
saman utanaat paa rams visst dei hundrad gonger, og hadde
ikkje tenkt det slag paa kva det var. Men no kunde eg
fortelja det aat godmor mi likso godt som eg fortalde eit
eventyr.

Nei eg gløymer aldri naar Kold stod ved bordsenden og
fortalde oss eventyr, nei ikkje um eg vert hundrad aar! Han
fortalde med munn og hender og andlit, og me sat som me
vilde sluka kvart ord. Naar me so kom til det, at oskeladden
møtte trollet, og lyfte sverdet — og hogg alle sju hovud av
med eitt hogg so dei trilla burtyver golvet —daa skvatt me
attende og maatte sjaa attum oss kvar det vart av alle hovudi!
— Eller naar han fortalde um den ljose glade Balder, som
fekk meinskot og døydde, og Nanna kona hans som slokna
av sorg, ja daa var eg paa graaten. — Men naar det so vart
um Tor, som brukte hamaren sin paa jøtnarne og paa
Midgardsormen — daa voks karen inni meg, daa stunda eg etter
aa verta vaksen.

I skulen maatte me stødt gaa med toflor eller halmsko,
aldri med tresko eller lérsko. Heller ikkje fekk me lov aa
sputta paa golvet. Kold var streng her. Golvet var daa og
so reint og fint, at det var eit syn aa sjaa det. So skulde
me born vera vaska og kjemde naar me kom paa skulen, og
heile og reine paa klædi — Kold vilde ikkje tola det minste
av noko slags ustell. Og han hadde slik ei magt yver oss.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0147.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free