- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
144

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

144

Friskularne

at ho kunde ikkje verta større — han fekk oss til kva han
vilde; det var ikkje ein tanke paa aa gjera honom imot» . . .

Me hev mange døme paa den magt Kold hadde yver born
— og so endeframt han tok det!

Ane fraa Mesinge vilde ikkje lyda mor si. Ein dag skulde
ho bera ein pakke aat Dalby; men ho sa nei aat mor si og
gjekk utan pakken.

Daa kom Kold.

»Du vilde ikkje bera den pakken aat Dalby for mor di,
vesle Ane,» sa han.

»Nei, eg vil ikkje,» segjer ho.

»Kan du lesa det 4de bodet aat meg, Ane?»

Jau, Ane kunde det: »Heidra far din og mor di, at det maa
gaa deg vel, og du maa liva lenge i landet — hvad er det» —

»Det er nok,» segjer Kold. »Men du heidrar ikkje mor
di, naar du ikkje vil gjera det ho bed deg. Og naar du so
døyr, og kjem og bankar paa himmel-porten og vil inn der,
so segjer Vaarherre aat deg:

»No, det er vesle Ane fraa Mesinge. Men her kann ho
ikkje koma inn, naar ho ikkje heidrar mor si.»

Meir sa ikkje Kold. Men Ane vart rædd og sa til mor si:

»Mor, no skal eg bera sponar aat deg stødt.»

Far hennar var bødker. Men naar mor hennar fyrr hadde
sendt ho ned i verkstaden etter spon, kom ho att utan noko,
og sa ho fann ikkje.

No fann ho spon kvar dag.

Den andre friskulen i Danmark kom aat Sanderum ved
Odense, og den tridje aat Vejstrup nede ved Svendborg —
alle tri paa Fyn.

Denne siste — skulen i Vejstrup — skal me høyra lite um.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free