- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
147

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Friskulanic

147

Rasmus Hansen i Vejstrup var »veteranen» millom
friskule-lærarane i Danmark i 1880. Daa sat bokskrivaren i stova
hans. Eg vart so trylt av mannen, at det gjekk aatte dagar
fyrr eg kom meg der ifraa. Ingen kunde fortelja um Kold
og gamle dagar so som han.

Dei eldste skuleborni hans sat daa spreidde paa gardar
og heimar rundt umkring han; og borni deira hadde han no
paa skulen sin — denne ljosberaren aat ei heil grend. Han
minte meg um ein patriark. —

Soleis for Kold og Poulsen-Dal ikring no, og fekk
barne-skularne sine i gang paa Fyn og vide vegner.

Dei slyngde seg som ein krans ut yver Fyn: fraa Dalby
til Asperup — gjenom Sanderum, Vejstrup, Stenstrup,
Tunderupp, Rudme. So til Sjælland, Jylland og dei smaa
øyarne.

Kvar fekk no Kold lærarar fraa — med det liv og dei
slags evnor som skulde til — aat dette vanskelege arbeidet?

Han ol deim fram paa folkehøgskulen sin, so fort han
vann. Han saag gløgt kva som budde i folk. Og naar det
berre kom ein som dugde til noko her, daa kveikte han hugen
hans aat dette arbeidet — og sa kvar han skulde av.

Ein dag sat han og tala med ein slik gut, og gav han
raader og rettleidingar paa ferdi.

Det sat mange framande i stova, og millom deim ein prest
som slett ingen ven var av friskulen og folkehøgskulen.

Men Kold dreiv paa med guten sin og lest ikkje sjaa dei
andre. Han tala seg varm, og tala høgt.

»No maa du hugsa dette til slutt — sa han — at det er
ikkje du som hev ordet i di magt, men det er ordet som maa
faa deg i si magt. Ja hugs paa at du er tenar her, og bed
Vaar Herre um aa faa vera ein trufast tenar — det er det
siste eg vil segja aat deg.»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0151.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free