- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
148

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

148

Friskularne

So er Kold ferdig med guten; han ser upp og legg merke
til at dei hev lydt paa. Daa lyfter han hovudet mot presten:

»Eg skal segja Dykk, herr. pastor, at for kvar gut som
gjeng ut fraa denne skulen, sender me ein missionær ut i
verdi.»

— Og no skal me høyra um nokre av desse kararne hans.



Didrik Johansen gjekk paa skulen aat Kold og vart vakt
der. Mest straks tok han til med friskule heime paa Fyn, og
det gjekk framifraa godt. Men ein dag kom Kristen Kold og sa:

»No Didrik, du er no eingong skapt til friskulelærar. Men
du skal til Syd-Sjælland til Lille-Egede; der skal du taka til.

«Nei so menn herr. Kold. Til Lille-Egede? Folki der er
daude — dei søv som ein stein!»

»Ja — segjer Kold — eg veit det. Og just difor skal du
til Lille-Egede og hjelpa dei folki der» . . .

Didrik Johansen var nittan aar den gongen, og sterk og
glad. Næste hausten reiste han til Lille-Egede og tok til med
friskulen sin der, millom vill framande, soleis som Kold hadde
sagt at han skulde.

Men harde tak vart det for den unge kjempa no, i mange
aar utetter. Dei gamle sov, og dei unge livde eit vilt liv, i
drikk og raaskap. Han kjende seg nervesliten og vonlaus so
mang ein kveld naar han skulde sova; og so einsam! Men
kvar morgon tok han til att med nytt mod og nye voner, og
stridde seg igjenom fraa tid til tid.

Soleis gjekk aatte aar.

Daa gjorde han ei ferd heim til Fyn og vilde finna Kold.

»Men no vil eg og vita, kvifor eg endeleg skulde yver til
Lille-Egede — no kann du segja meg det,» segjer han.

»Ja, no skal eg segja deg det,» svara Kold. »Eg kjende
deg, og visste at du eig so mykje fantasi, at du kann gleda

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free