- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
150

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

150

Friskularne

Det er ein glans yver desse folki, ei stillfærleg gleda, som
gjer deg, framande nordmannen, so godt. Det er som du
skulde ha kjent deim i mange aar.

Og so er det ein halv dag berre — du hev vore der. Ein
halv dag!

Men du kom inn i skulestova fyrst, og daa fekk du høyra
ei forteljing og sjaa nokon lysande barneaugo, og so song
dei; aa ja, den songen! — so tindrande gripande frisk! Daa
vart du trylt. Du synest du ser og høyrer det enno.

Men kunde dette vera ein skule? Ein skule paa denne
maaten hadde du daa aldri tenkt deg.

Sidan kom du til bords. Du la merke til den reine væne
duken; men aller mest til desse gode andliti, som saag paa
deg so smilande og bad deg »vera som heime». Det var
greidt aa sjaa at dei var hjartans glade for dei hadde fenge
deg til gjest. Og so fekk du brunt kandis-sukker attaat kaffien,
og grovt brød og steikt flesk; og det smaka sanneleg godt
alt samen — du sat som til høgtid og fest like vel; for her
møtte du hjartelaget, som gav av Guds gaavor, alt det beste
dei hadde . . .

— Og du sit paa stolen din i det laage kotet, og skal til
aa klæ av deg. Daa kjem vesleguten deira inn aat deg, blank
i augo, og segjer: »Mor vil eg skal spørja um du hadde hug
aa koma til kveldsbønif»

Og naar du daa kjem inn att i stova, stend ho paa kne
yver eit barn i vogga og syng:

»Sov sødt barn lille,

ligg rolig og stille,

saa sødelig sov

som fuglen i skov,

som blomsterne blunder i enge!

Gud Fader har sagt:

Staar, engle, paa vagt,

hvor mine de smaa er i senge!»

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0154.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free