- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
154

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

154 Friskularne

Han gjekk ikkje inn i statsskulen; han vart friskulelærar
— til sorg for heile grendi.

Og det hadde han vore i nittan aar, den gongen
bokskrivaren tala med han.

»Aldri ein dag — sa han — hev eg angra paa den vegen
eg tok; og eg skal enno takka Kristen Kold meir enn noko
anna menneskje eg hev møtt.»

Han hadde ofte havt det berre fraa dag til dag med
live-maaten — men aldri han leid naud. »Men eg hev havt
rikdomar som ikkje rett mange andre hev havt maken til . . .
Ja, menneskja liver ikkje av berre brød — det hadde Moses

evig rett i,» sa han med sin faste smil.

*



Kristian Rasmussen Stenbæk hadde vore paa
folkehøgskulen aat Kold og var komen i god gang med friskulen sin.
Han kjende seg »lukkelegare enn ein konge» millom alle dei
glade borni sine.

Ein dag kom det tvo bønder fraa Langeland til gards.
Dei var framande; Stenbæk tok deim med seg inn paa skulen sin.
Dei kunde sitja der og kvila so lenge og høyra paa, tenkte han.

Daa han var ferdig med skulen, segjer den største av
mennerne: »Sanneleg skal me faa i stand ein slik skule paa
Langeland! For læraren vaar er ein larv; lite og inkje gagn
hev borni av aa gaa der. Men no skal det vera slutt med
den stakarsdomen — sa han — me skal ha oss ein skule
sjølve. Um eg skal vera aaleine um det, skal eg ha friskule.
Eg held hus og kost aat læraren» . . .

Denne mannen heitte Rasmus. Han stod der uppglødd,
reint ei kjempa, og tala. »Du skal sjaa at den karen driv
det igjenom,» tenkte Stenbæk.

Den andre heitte Kristen. Han lest ikkje høyra paa det
Rasmus sa; han sat berre og nidstirde paa borni. So sa han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0158.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free