- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
156

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

156

Friskularne

»Jau — sa Kold — eg hadde godt som sét deim, daa du
fortalde meg ordi dei sa. Daa skyna eg at det maatte vera
han Kristen som vart ved skulen. For han var teken um
hjarta; og dei slags tak plar halda ut. Men den hin, han

hadde det i fantasien og i munnen» . . .

*



Det var ein stor vakker seminarist som kom paa skulen
aat Kold — rett ein kjempekar, med ørnenase og ein
haar-lugg som paa ei løva; han vart verande der um vinteren.

Um vaaren vilde han verta friskulelærar. Kold sende han
til Sjælland.

So gjekk det ei tid.

Daa kjem guten att, slengjer paa nakken og segjer: »Nei,
gode Kold, det gjekk ikkje. Dei folk der burte skal ha ein
mann med bein i nasa.»

Kold ser kvast paa han; so segjer han:
»Det kann eg sjaa paa deg, at du hev daa ikkje bein i
nasa; for di nasa er krokut» — og han snudde seg og gjekk.
Meir trøyst fekk ikkje guten den dagen.

Soleis slipte Kold kararne sine — etter som han trudde
dei trong det og tolde det.

Han gav seg ikkje med denne karen heller, fyrr han fekk
han i gang att. Og sidan vart han ein dugande arbeidar og

ein truen tenar for saki. Han dreiv ein gild friskule i 1880.

#

No er det friskulelærar Hans Nilsen. Han fortel:
»Eg hadde gjenge gjenom seminariet og var høglærd.
I vissa trudde eg det sjølv. Men eg hadde ein yngre bror
som var heimføding. Og no vilde eg freista aa faa han ut
— um ikkje meir enn paa skulen aat Kold for det fyrste.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0160.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free