- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
161

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Friskulanic

161

beidet i skulen som vert hovudsaki. Og so bed eg no aat
Vaar Herre i slike høve, og lit paa at han vil lata den rette
faa det; men det gjorde vel De ög.»

»Det er noko i det De segjer, herr. Kold» — svara
provsten spakt.

*



Av slike sogor kunde me fortelja mange fleir — fylla boki,
um me vilde.

Men me hev alt nok. Me ser stemleidi. Dette er morgonsoli
yver eit ungt, friskt folk. Berre ho kann avla slike sterke søner.

Enno ein gut til skal me so vidt nemna. — Soga hans
vart for lang, skulde ho koma all her.

Det er Klaus Berntsen, friskulelæraren fraa Højby.

Han gjekk hjaa Kristen Kold daa han var ung. Han fekh
kveiken der.

Han hadde slikt hovud og slike evnor, den guten, so
bønderne spaadde han ei stor framtid.

— »Ja, eplet er godt, berre det fær sitja i fred til det
mognar,» svara Kold deim.

Denne guten vart meir enn landskjend. Fyrst stod han i
friskulen lang tid. Kom so inn i riksdagen og sat der ein
mannsalder — men dreiv friskulen sin ved sida. Vart so
statsraad. Og no — etter at Alberti og Brandes er ferdige . . .
medan dette vert skrive — no styrer han riket. Han er
Danmarks fyrsteminister. Og styraren for folkehøgskulen i Askov
er teken til kyrkjeminister.

Trengst det nokor tyding? Her hev Danmark tala .og
sagt: »Naar burte er freista, vert heime best.»

I 1879—81 — daa eg for der nede, og vart fagna som
frende og ven kvar eg kom paa desse friskularne — daa laag
dei spreidde yver det heile land.

12 —Andreas Austlid: Ein folkelærar.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0165.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free