- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
163

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

I striden for borni

Jipin kveld kom Kold kjøyrande med den feite, late Svarten
sin aat Vejstrup. Daa hadde han brukt all dagen paa
vegen — fire eller fem mil! Kold klaga seg: »Svarten vil
ikkje gjera nokon ting meir av kjærleik . . . med tvang hev
det gjenge dagen lang — segjer han — nett som i
aalmuge-skulen.»

»Men hev hesten fenge noko aa eta?» spør Kristen Hansen
i Vejstrup.

Kold: »Me hev vore paa vegen heile dagen.»

Kristen Hansen: »Skulde ein ha høyrt maken! Ein kunde
melda deg for dyrplaaging.»

Kold: »Nei eg skynar han ikkje. Men hadde han skyna
meg, skulde eg tala han til merg og bein — so han skulde
sloppe tenkt paa mat. Men lat han no faa mat, stakar — det
skynar han.»

Dagen etter hadde dei eit stort skulemøte. Kold førde
ordet paa det kvassaste.

Daa kjem det ein langelending til gards og vil »slaa» Kold.
»Er han her inne?» spurde han.

Ja, han var daa det, svara folket som stod i gangen.

»Lat meg berre faa koma i kast med han,» segjer
lange-lendingen og stig inn; dei andre fylgjer etter. Han helsar
høgt, og Kold svarar.

»Eg høyrer De vil at borni vaare skal faa spela seg fritt —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0167.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free