- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
166

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

166

I striden for borni

Borni klemmer i veg og les — som kjeppar i hjul — um
« Abrahams lydighed».

»Det er nok,» segjer Kold. »Men no kann de vel segja
meg litegrand um denne Abraham. Kvar budde han?»

Borni gjorde store augo.

»Var det her, i Aarslev-garden, eller var det i den store
garden der burte?» Kold peikå. Og borni stirde att og fram,
upp og ned og paa kvarandre.

»De skal ikkje stira so. Men fortel meg no kvar Abraham
budde, so framt nokon av dykk veit det.»

»I Aarslev-garden,» svara den største guten — han tenkte
det fekk vaaga seg.

Eit slikt svar, og fleire av same slag, nytta Kold ut, naar
han stod paa strids-møti, og vilde syna bonden korleis
aand-løysa og vitløysa breidde seg ut yver dette arme landet deira
— just fraa desse skularne som sa um seg sjølve at dei bar
ljos aat folket.

*



I ei bygd paa Fyn vilde bønderne faa ein friskule. Dei
sende bod paa Kold, og han gjekk i vegen.

Daa han kom mest fram, møtte han tvo prestar. Den eine
var soknepresten, og den andre var presten Viborg, som var
komen dit aat prestegarden paa vitjing. Viborg var ein
kjenning av Kold, og tenkte: No skal eg faa kararne ihop; no
skal det verta moro.

»Nei god kveld, Kristen Kold. De er ute og gjeng i
fri-skule-ærend, kann eg tenkja,» —segjer Viborg.

Ja, Kold var det.

»De skal vel burt og greida ut for bønderne um friskulen
som dei vil faa i stand her i sokni?»

Ja, han skulde det.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0170.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free