- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
169

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

169 I striden for borni



So tok han til — og tala aat deim!

»Ordet lærar-stand skulde helst aldri finnast.

Til denne tid — sa han — hev lærarane vore rumpa aat
prestarne; og det er no helst berre aa læ aat. Men lat oss
staa paa vakt; for narreskapen er stor. Mange lærarar finn
det so menn herlegare aa vera hale paa embætts-standet enn
hovud for bonden og folket. Og hev dei fyrst brote laget,
so er dei ikkje lette aa faa attende; daa hev me faaren der.
Snart kann me her faa eit nytt stand aa dragast med, ved sida
av prestarne og andre embættsmenner. Men det hev eit lite
bondeland som Danmark ikkje raad til. Me lyt fyrst og sist
sjaa aa veksa oss ihop til eit folk.

Her ligg faaren — sa han — um lærarane vilde finna paa
noko slikt som aa skilja seg ut. For dei er no snart blomen
av bondefolket. Ein folkelærar maa aldri verta ein fin herre
som spaserar i landsbyen etter skuletid med stiv krage og
sigar eller lang pipa . . .

Nyst møtte eg ein slik kar, og han sa: »Det er fint vér
i dag.»

»Ja — sa eg — men bonden ynskjer regn.»

»Me skal daa vel ikkje ynskja regn for dei forbanna
bønderne!» svara han.

Der høyrde de kvar han aatte heime.

— Paa aaker og eng, i fjøs og stall, i kjøken og kjellar

— det er ein herleg skule for borni, det er storskulen aat
oss alle. Den skulen maa me endeleg ikkje lata borni vaare
missa; for daa gjeng det gale med landet vaart.

Kvifor er den tyske arbeidaren so dugande paa alle leider?

— Eg maatte undra meg daa eg saag det. Jau, mest kvar
eg kom, for borni og leika seg med arbeid: med smaae
trille-baaror og vogner, smaae grev og hakkor, rivor og rekor og
spadar. Og slikt handelag som dei hadde! Daa kjem
arbeids-tamen av seg sjølv.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0173.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free