- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
173

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

173 I striden for borni



Men kva fær dei høyra um han? Dei fær ei leksa i ei bok.

— Og kor mykje fær dei høyra um inenneskje-Ywet paa jordi

— um Danmark, fedrelandet sitt? Ei ny leksa i ei ny bok.
Og læraren skal høyra!

Det vart fleire og fleire lærarar som fekk upp augo og
saag noko av aandløysa i statsskulen. So tok dei til aa
fortelja aat borni sine; i minsto fortalde dei bibelsoga.
Men so sa læraren fyrr han tok til:

»No born, skal de hugsa dette eg fortel. Kven er det
som no vil vera den flinkaste til aa fortelja det upp att?»

So drap han soga med ein gong. Borni sat som rovdyr,
og hogg seg fast og beit seg merke. Kven vilde ikkje vera
»flinkaste» til aa fortelja »upp att»?

Og læraren fortalde. Ikkje fordi han hadde noko gildt aa
fortelja, som dei skulde ha gleda av, men fordi dei skulde
hugsa det—til eksamen. So maatte dei fortelja det upp att

— plukka det sund og trakka det flatt. Og sume fekk ros
og sume last.

Denne hugsar-eksisen heldt Kristen Kold mest like galen
som sjølve ramsingi, og paa ei vis faarlegare for det finaste
i barnet. Han hadde prøvt det sjølv, daa han var huslærar;
han hadde røynt seg fram fot for fot. Han vart meir og meir
viss paa at her laag eit nytt skjer som barnelivet kunde stranda
paa. All unatur hemner seg — og so gjorde dette med. For
naar barnet skulde hugsa ei forteljing, og samla all si kraft
paa det, daa tapte det sjølve forteljingi. Ho fekk ikkje slaa
rot og gjera si gjerning der inne; ho vart hangande i
hovudet; der hekk ho og kom ikkje djupare. Og med hugsifigi
vart det daa og so som so.

For berre daa, naar ei forteljing grip deg, og tek deg um
hjarteroti, kann du hugsa ho til gagns. Daa hugsar du ho

— attpaa; utan aa hugsa paa at du skal hugsa ho.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0177.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free