- Project Runeberg -  Ein folkelærar / I. /
174

(1911) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

174

I striden for borni

»Aa krevja att straks av borni det eg fortel — sa Kold —
er som naar eg gjev kui mi ein dott høy, men eg vil ha det
att; og so grip eg etter det. Hupp, hupp, segjer kui, og
kjem att med det — det som kunde vorte til herleg mjølk,
um Vaar Herres vilje hadde fenge lov aa raada.»

Den gongen Kold var huslærar hjaa Birkedal, so gjekk
skuleborni hans i hagen og saadde erter tidleg um vaaren.
Men likso ofte gjekk dei og saag etter um ikkje erterne snart
grodde — og tok deim upp att og braut sund all groren.
»Der hev me statsskulen,» sa Kold paa eit lærarmøte.

»Borni maa faa vera born so lenge dei er det,» sa Kold.
»Me skal ikkje putta deim inn i ferdige former og gjera deim
tidleg vaksne, korkje i ord eller aatferd. Dette er narreskap,
og det er usant; dei vert vesle-vaksne. Det me skal gjera,
det er aa halda augo og øyro deira opne for det som godt
er; me skal tala gode ord, so sol og ljos fær strøyma inn og
fylla barnet. Daa veks det gode, og no minkar det vonde.
Det er berre med godt at du driv ut det vonde.»

Elles var ikkje Kold so rædd utanaat-lesing som sume
hev tenkt — naar det berre ikkje var born. Var dei naadde
fram i ungdomen og skyna det dei las — og det var ting
som kunde og skulde prentast inn i faste former — daa let
han deim læra det paa den maaten. Paa folkehøgskulen i
Ryslinge hadde han gutarne sine til aa læra kjempevisor og
sogedikt utanboks. Ein morgon bad han ein gut segja fram
visa um Hagbart. Men guten svara: »Eg hev ikkje lært ho.»
»Kvifor ikkje?» spør Kold. »Utanaatlesingi er gagnlaus, det
hev Kold sagt,» svara guten.

Kold smilte ei stund. »Der skal me faa sjaa ein liten
Lat-Hans,» sa han, og sende guten eit par augo so han
raudna upp aat haargarden.

*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:31:08 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkelarar/1/0178.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free