- Project Runeberg -  Tradisjonelle norske folkeviser /
Guro rid til ottesong

Tema: Norwegian Literature
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Guro rid til ottesong

Myrkt her endaa er i Dalen,
Maanen attum Fjellet sig.
Guro sit so stød i Sa'len,
Blakken fast paa Hoven stig.
- Stjernurne dei dimme gløste -
Guro reid til Ottesang.
Beislet ringlad, Blakken frøste,
daa han fram paa Brimsen sprang.

Innmed Porten bind ho Blakken,
gjeng seg so i Kyrkja inn.
Gjenom Dyri ut paa Bakken
raude Kyrkjeljosi skin.
Inn ho stig med heilag' Fakter,
Vigslevatn ho tek av Stein.
Daa kann inkje vonde Makter
gjera henne nokot Mein.

Fram stig Torleiv, gamle Kjerken,
- Ave Maria had bed -
i den stasad Messeserken.
Alle fell dei ned paa Kne.
O sanctissima, det jalmar.
Torleiv talar Dalens Maal.
Traassen inni Hjartet falmar,
sjølvt um det er hardt som Staal.

Som at Messa var til Ende,
Guro for fram under Lid.
Heile Aalmugen seg vende,
stirde der som Guro rid:
Tor fraa Sunnbø paa sin Gangar
ventar ved den grøne Lind,
der han til seg Guro fangar

uppi Salen som ein Vind.

Daa med Guro frampaa Sa'len
jamsids Vallaraa han reid,
og burt under Lindekallen

Hest og Ringar skifte dei.
Guro daa med heilag' Eidar
lovad vera honom tru. -
Hesten snudde ho til Heidar,
Tor reid yver Grunnebru.


Project Runeberg, Tue Dec 11 17:45:06 2012 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/folkevis/guro.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free