- Project Runeberg -  Tradisjonelle norske folkeviser /
Liti Kjersti

Tema: Norwegian Literature
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Liti Kjersti

Liti Kjersti ho va seg så fagert eit viv,
- Det rigner og det blæs -
ho ri nord i bergom på gangaren kvit.
- For djupt onde' hello,
langt nordi fjello
der leikar det.

Men som ho no kom seg åt bergo dei blå
Då høyrer ho frå haugo det spelar og læt.

Ho stanar sin gangar bak bergo dei blå
og Haugebonden burt te Liti Kjersti han går.

"Å høyr du Liti Kjersti det seier eg deg
Vil du til haugo heim fylgje med med?"

"Nei eg kan kje til haugo heim fylgje med deg
For moder sit heime og ventar på meg."

"Tenk alli på store, tenk alli på små.
Alt det du ynskjer av meg sko du få."

Liti Kjersti ho rei seg åt bergo dei blå
Og Haugebonden etter på gangaren grå.

Så rei dei kring haugar tri store tri små
Og heim att til moder ho alli meir kom.

Men stundom når det skymest
kring bergo dei blå,
- Det rigner og det blæs -
då høyrer du frå haugo det sukkar
så sårt
- For djupt onde' hello
langt nordi fjello
der leikar det.


Project Runeberg, Tue Dec 11 17:45:06 2012 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/folkevis/kjersti.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free