- Project Runeberg -  Tradisjonelle norske folkeviser /
Margjit Hjukse

Tema: Norwegian Literature
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Like | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Margjit Hjukse

Stolt Margjit ho reidde seg til kyrkja å gå,
tidi fell meg longe,
so tok ho den vegen til fjølle låg.
Det er eg som ber sorgi so tronge.

Og som ho no kom fram med bergjevegg,
då kom bergjekongen med det lange, kvite skjegg.

Og bergjekongen tukka fram sylvforgylte stol:
"set deg der stolt Margjit og kvil din fot!"

Så var ho i berget i åri dei ni,
og ho fødde sønir og døtrar tri.

Og Margjit ho sat med sin handtein og spann,
då høyrde ho Bøherads kyrkjeklokkur klang.

Stolt Margjit ho tala til bergjekongen so:
"Å må eg få lov til min fader å gå?"

"Å du må få lov til din fader å sjå,
men du må 'kje vera burte hot ein time hell tvo."

Å då som ho kom der gangand' i gård,

hennar sæle fader ute for henne står.

So leidde han inn stolt Margjit med glede og gråt,
so sette han henne i sin moders stol.

Men då kom bergjekongen snøgt som ein eid:
"Kjeme du inkje heimatt til bonni i kveld?"

"Fare no vel då alle i min heim!
no kjeme eg alli til dikkon meir."

Stolt Margjit ho sette seg på gangaren grå,
ho gret fleire tårir hell hesten ha hår.


Project Runeberg, Tue Dec 11 17:45:06 2012 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/folkevis/margit.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free