- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
6

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Jesu Kristi hjartelag iit-yver landet. Soleis hev ho
bore folket vaart lippe: hans kjærlege lieilage tankar
hev ho gøymt paa, so barneretten og barnegleda
kann ganga i arv fraa ætt til ætt.

Det er ikkje fint av borni aa vanvyrda mor
si um ho er laak vorti. Er dei so mykje lenger
komne, so hev dei no mest mor aa takka: ho hev
bore deim lengste stykket paa veg. Tru det vilde
ikkje verta til meir velsigning um borni g’jekk i
seg sjølve? og skulda seg sjølve for det som gale
er! Naar du hev det vondt, mor, so er det av
di me hev forsømt deg! Heretter vil me bruka
all vaar evna til aa byggja upp for deg, so du
kann faa det betre, og liva friåre og sterkare!

Den som er trugen i det mindre, skal verta
sett yver meir.

Mange liknader hev Jesus bruka til aa teikna
folkekyrkjorne for oss. Me hev liknaden um
se-naps-kornet og liknaden um surdeigen. Me hev
liknaden um noti som sankar inn av alt slag~f
naar ho vert full, vert ho dregi paa land, og dei
friske fiskarne vert utskilde fraa dei rotne. Daa
er det ikkje nok aa vera døypt og undervist; daa
spyrst det etter kva frukt daapen og undervisingi
hev bore. Men til dess er det Jesu kongelege
vilje: kyrkjedøri skal standa opi for alt slag folk.
Han sender tenarane sine ut aa beda alle:
kryp-lingar, halte, blinde, strokepakk utmed vegjerne;
„bed deim koma inn, so huset mitt kann verta
fullt!" for der er rom aat alle; og han vil ikkje at
nokon sitt rom skal standa tomt. Kjem her daa
inn slike som ikkje hev brudlaupsklædnaden paa,.
— det er ikkje mi sak eller di sak, det vert hans
sak, han vil me skal halda kyrkjedørerne opne
for heile folket.

Gjev me maatte vida ut hjarto vaare, so me
kunde roma meir av Jesu store kongs-tanke!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0008.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free