- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
7

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Naar Frelsaren vil peika paa det arbeidet ei
folkekyrkja gjer i eit folk, — daa er det han
talar um surdeigen som syrer igjenom heile deigen,
d. v. s. igjenom heile folkelivet.

Kyrkjesoga veit aa fortelja korleis det hev
gjenge til. ikkje so at alle i eit folk hev gjeve
Gud hjarta sitt, det vaagar me ikkje segja. Men
soleis at alle i eit kristna folk vert paaverka av
kristendomen, paaverka i sin tankegang, paaverka
i si livevis, — so dei tenkjer onnorleis og liver
onnorleis i eit kristna land enn i eit heidningland.

I vaar norske kyrkjesoga kann me peika paa
dette fraa fyrste tidi.

Berre 45 aar etter slaget paa Stiklastad (1075)
skriv erkebispen Adam av Bremen, som den gong
styrde dei nordiske kyrkjorne: nordmennerne,
segjer han, er no ikkje lenger trælbundne under
dei avstyggjelege kunsterne aat
heidninge-trollmen-nerne, men er umvende til spaklynde
sannkjen-narar av den krossfeste Kristus. Folkelivet var
ikkje til aa kjenna att. Fyrr hadde mord vore
kvardagshende, no var det ikkje so lenger. Fyrr
hadde blodhemn vore ei ære-sak ; no var blodhemn
stempia som synd. Fyrr hadde dei havt trælår;
no gav dei trælarne sine fri. I det heile hadde
folkelivet paa den eine mannsalderen fenge ein
annan svip. Det hadde surdeigen — Jesu Kristi
evangelium — gjort.

Gjeng me hundrad aar fram, moter me det
gamle kvædet som er kjent under namn av
Draum-kvædet. Daa hev kristen-tankarne soleis
gjenom-syrt folketankarne, at folket sjølv tek til aa kveda
nm dei kristelege sanningarne. Me kann segja: i
Draumkvædet hev me ein gamall kristeleg
barnelærdom, fraa den tid her ikkje fanst skular i
bygderne vaare, daa foreldri og fadrarne laut læra
borni kristendom. Daa kann me vei a trygge paa:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free