- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
8

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 8 —

mang ein gong sat smaaarne paa fanget aat dei
gamle, og so song dei kristendomen inn i
barne-hjarta gjenom slike kvæde som Draumkvædet. Paa
den visi knnde Draumkvædet ganga fraa munn til
munn i 6—700 aar, fyrr det vart nedskrive.

Gjeng me hundrad aar lenger fram, kjem me
upp i blømings-tidi aat den gamle norske
bokheimen.

Tvo skrifter vil eg nemna fraa den tid:
Kongs-spegelen og Heimskringla.

Kven som hev skrive Kongsspegelen, veit me
ikkje. Ein av dei lærdaste menner paa si tid hev
det vore; det er ein makelaus lærdom me møter
i den boki. Men gjenom all lærdomen gjeng det
som ein raud traad: korleis ein skal te seg som
kristen i alle høve. Det held han upp til ein
spegel for kongs-sønerne (som han kann henda
hadde til uppfostring; difor namnet Kongsspegelen).
Han viser deim kor dei skal liva som det sømer
seg kristne, anten dei er heime eller ute, aaleine
eller i gjestebod, i kongsborgi eller paa
kjøpmanns-ferd. Naar du skal ut og handla, segjer han, tak
daa alltid ei still stund fyrst um morgonen og
bed dei bøner som du kann. Ransaka varorne dine,
at dei ikkje skal ha fenge eit lyte; og hev ei
vara fenge eit lyte, so seg det beint fram til den
som vil kjøpa henne, daa skal du ikkje heita ein
svikar. Det er surdeigskraft i dei ordi der: det er
mykje betre hava eit uskadt samvit, enn sanka
urettferdigt gods.

Snorre Sturlason, som skreiv Heimskringla,
var ikkje nokon sers gudeleg mann. Men likevel
lyt han sjaa med kristen manns auga og tala med
kristen manns tunga. Serleg i soga aat Olav
Haraldsson — viser det seg at Snorre hev vit paa
kva kristendom er. Han hev god greida paa kva
det skulde til for at slik ein vill-styring av ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0010.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free