- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
9

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gut kunde verta ein heilstøypt kristen. Det er ei
av dei finaste sjælesog’or ein kann lesa: korleis
Olav Haraldsson smaatt um senn til slutt lærde
bøygja sin vilje heilt under Guds vilje.

Naar soleis sogeskrivarane og bokskrivarane
den tid bruka Kristi Ijos til aa lysa ut yver soga
og ut yver livet, daa tykkjer eg surdeigen hadde
syrt vel igjenom tankegangen hjaa folket vaart.

I det heile stod det ikkje so ringt til med
kristendomen i den gamle tidi som mange hev
meint.

Me er lenger komne i upplysning — og lenger
komne i andre stykke og. Men i eitt stykke stod
fedrar ne vaare høgre: den tid var kyrkja og folket
her i landet eitt ; kyrkja var ein heim for folket,
folket kjende seg heilt heime i kyrkja si1).

Me fekk kristendomen fraa England. I
moderarv fraa den angelsaksiske kyrkja fekk me den
folkelege og nasjonale svip som sermerkjer
millom-aldersky rkj a i Norig.

Morsmaalet vart bruka i kyrkja. Dette var
noko sjeldsynt i den tid; daa gjekk alt paa latin.
Her i landet messa nok prestarne paa latin fraa
altaret; men so var dei paalagde (liksom i England)
at dei skulde ganga fram og leggja ut Guds ord for
folket paa deira eige maal. Me eig enno preikor
fraa den tid, der me kann sjaa kor dei gamle
prestarne tala evangeliet folkeleg og hjarteleg paa
det gamle norrøne maal. De kann vita kor det
maatte gjera den norske kyrkja heimleg for folket.

Ein annan ytre ting hadde og store fylgjor:
prestarne gifte seg inn i bonde-ætterne. De veit
paven forbaud prestarne aa gifta seg. Men korkje

*) Professor Taranger hev gjeve oss eit fint bilæte av
„den eldste kristendom i Norge". (Rolfsens
lesebok IV).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0011.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free