- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
10

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 10 —

i England eller i Norig vart dette heilt etterkome.
Prestarne gifte seg’ inn i folke-ætterne, fekk dermed
sams hugmaal med folket; prestarne kjende seg
eitt med folket, og folket saag paa prestarne som
paa sine eigne. Det var dette paven ikkje vilde.
Men det gjorde mykje til at det ingi kluft vart
millom kyrkja og folket her i landet.

Professor Taranger peikar paa dette i stykket
sitt um „Den eldste kristendom i Norge": prestarne
livde med folket fraa vogga til gra vi, i gode og
vonde dagar, i sorg og i gleda; presten vigsla deira
giftarmaal, høyrde deira skriftemaal, la paa deim
bøter, salva deim med den siste olje, signa deira
gravøl og vatnet som liket vart tvege i, vakte um
natti yver dei avlidne og bad for deira sjæl;
han var bonde som dei hine bønderne og dyrka
si jord som ein annan leiglending.

Difor fall det av seg sjølvt at dei gamle norske
prestarne gjorde Norigs nasjonale sak til si sak.
I det 14de og 15de aarhundrad, daa stormennerne
vaare sveik fedralandet, daa dei sette sin eigen
bate høgre enn lands-baten, — daa stod det norske
prestestand med erkebispen av Nidaros i brodden
og stridde til siste mann for at Norig ikkje skulde
koma inn under Danmark. Maatte so den siste
erkebispen, Olav Engelbrektsson, røma landet (1537),
daa tykkjer eg det er som kveldsoli gladde, „og
natti seig paa landet ned med trældom og tunge
tider".

Men daa vart det natt for den norske kyrkja

med.

Ein skulde trutt at reformasjonen maatte vore
eit framstig — her i landet som i alle andre land.
I Sverik, i Danmark, i Tyskland, i Holland, i
England — gjekk det umaateleg fram etter
reformasjonen: det gjekk fram i religiøs styrke, og
dermed gjekk det fram i moral, i kultur, i økonomiskt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0012.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free