- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
13

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 13 —

xnen folket skyna ikkje (let han iala, og dei sat
og sov i kyrkja. So med eitt kjem det nokre
underlege tonar strøymande inn utantil, fraa
Kivle-møyarne. Daa vakna folket og lydde: det var
gamle kjende heimlege tonar dette: det var lenge
sidan dei hadde høyrt deim no. Og tonarne drog
alle ut or kyrkja, inn under lidi; der vart dei
standande med dogg paa kinn; der fekk dei
guds-tenesta paa sitt eige maal. Daa no presten saag
alle hadde reist ut, for han og etter til slutt. No
gjekk ikkje prestarne i brodden lenger, men hinkra
etter til slutt „bak sin sokneskare". Saag han kor
dei stod der hjartegripne, daa mana han
Kivle-møyarne i stokk og stein, og forbaud folket syngja
dei gamle tonarne.

Dette er berre ei segn. Men det er ei sann
segn; for ho gjev eit sant bilæte au tidi. Eg skal
nemna historiske sidestykke som provar det.

Paa liknande maate forbaud dei nye prestarne
folket i Telemarki aa syngja Draumkvædet. So
lite vit hadde dei paa den gamle folkekristendom.
So ille for dei med denne gjævaste perla i den
gamle kristelige folkedikting.

Fyrste bispen som vitja Telemarki etter
reformasjon, Oslo-bispen Jens Nilsson, hev skrive ei
dagbok Lim ferdi si. Der fortel han og kor han
tala til folket. Eg skal herma noko etter honom;
•det er fraa 1595: „Derefter havde biskopen sin
formanings tale til almuen, hvorudi han lagde dem
alvorligen paa sinde at aflægge sjon og erve og
med kjørmesse at holde og anden saadan afgudisk
og papistisk handel."

Kva var no dette? Sjon, eller sjaund som dei
enno segjer i Hardang, er det same som gravøl,
dei heldt det paa sjaunde dagen. Erve var ein
fest ervingen heldt den dagen han tok arven sin i
<eiga. Kjørmesse, eller kyrkjemessa, var ei høgtid

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free