- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
14

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 14 —

dei lieldt i kvar bygd, aarsdagen daa kyrkja deira
hadde vorte innvigd.

Kann nokon finna kva „afgudisk eller papistisk
handel" det var i dette? Ja sjølvsagt hev det
fvlgt katolske skikkar med, fraa den katolske tidi.
Men i staden for aa reinsa ut det som ikkje høvde
med sann kristendom, so tok desse nye prestarne
og fordømde baade likt og ulikt i den gamle
folkekristendom. Dei kasta barnet ut med badevatnet,
som me seg’jer, og det er litt leidt naar dei gjer
det. Dei var i verste meining av ordet nokre
radikale karar, desse nye prestarne. Dei vilde riva
upp alt det gamle med roti, og planta alt fraa nytt.

Som vel var, lieldt folket fast ved si gamle
tru. Hadde dei ikkje det gjort, hadde dei vorte
reint utarma. Det var steinar for brød dei fekk
av desse nye prestarne Folket vart standande som
ein saueflokk utan hyrdingar. Ei villmanns-tid
vart frukti av denne ..reformasjon": med drykk og.
slaasting og draap, ei av dei myrkaste tiderne i
Norigs soga.

Det som heldt livet uppe i desse tiderne, daa
„det kom kulde paa Herrens kyrkjemark", — det
var den gamle folkekristendom som gjekk i arv: i
kvar bygd hadde Vaarherre sine trugne; her var
ei mor som lærde borni sine beda til Gud; her
var ein far som lærde borni Guds bodord. Og
folkekyrkja vaar stod der, som det gamle trauste
treet gjenom den lange vetteren: det er smaasamt
aa sjaa til, der det stend utan blad og utan blom;:
men naar vaaren kjem, daa sprett det; daa synest
det at det var liv i det gamle treet.

Her eit aar kom eg upp i Eksingdalen, ein
avdal paa Vestlandet, der prestarne etter
reformasjonen snaudt fann vegen ein gong’ for aaret. Der
fekk eg høyra ein salme som (det er historisk visst)
hev vore sungen 200 aar sidan der i dalen; tru-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free