- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
18

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 18-

folk. Ale kann gjerne vera glade i den guten. Eg
undrast um det linst maken i noko lands
kyrkje-soga: at ein ulærd bondegut skipar ei beil
kvrkje-leg rørsla. Men det gjorde han: me er alle no um
dagen disiplar av bondeguten fraa Borgesyssel.

Det maatte vera ein bondegut som skulde gjera
det vekkjingsarbeidet Hauge gjorde. Prestarne og
embætsmennerne i det heile stod ikkje folket so
nære at dei kunde gjera det.

Lat oss leggja vel merke til maaten Hauge
bruka. Han gjekk ikkje fram so radikalt som
reformasjons-prestarne. Han sa aldri til folk: lian
duger ikkje den kristendomen de hev. Han sa
alltid : godt folk, de maa vakna, de maa ikkje sova,
de maa sjaa kva kristendom er, og gjera aalvor av
kristendomen. Soleis knytte han vekkjings-arbeidet
sitt til den gamle kristne folkearven. Difor kom
verksemdi hans heile den norske kyrkja til godes.

Det Hans Nilsson Hauge reiste rundt og preika
hadde han ikkje teke fraa seg sjølv. Det var det
gamle evangelium som Guds aand gjorde livande
for honom, og so kunde han gjera det livande for
andre.

Det store framstiget fraa reformasjonen — kvar
manns fulle andsvar for Gud — no fyrst kom det.

Det er ikkje noko slumpehøve at
folke-fri-doinen vaar kjem samstundes med den religiøse
nv-vekkjing.

Yaaren er yver landet: „det lyser kring
strender som sol ein sumarkveld, det gløder kringt
grender ein heilag altareld". Olavs-tanken fraa
Stiklestad skyt ny renning i 1814: utan kristendom
ingen fridom, ingi folkelukka.

I det nasjonale gjenombrot paa Eidsvoll kjenner
me reformasjons-tankarne att, likso vel som hjaa
Hans Niisson Hauge: folkefridomen heng i hop med
samvits-fridomen, tankefridomen og talefridomen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0020.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free