- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
21

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 21 —

sa til meg; han var ein hatar av kristendomen:
eg fær ikkje fred nokon stad her i landet, sa han;
kvar eg kjem, høyrer eg kyrkjeklokkorne; kvar eg
kjem, ser eg kross-merket som minner um Kristus.
— Nei det er sant: slik hev kristendomen vove
seg inn i folkelivet. Naar ilagget vaart gjeng til
topps, daa er det Kristi kross som lyser fraa clen
raade duken; det er samlings-mewket aat folket vaart;
det retter me ut liksom systkin-armar landet rundt
paa høgtids-dagarne.

Skulde det ikkje no snart vera slutt med det
tankelause ordet um at „her er heidningar nok her
heime!" Det er meint til motlegg imot
heidninge-missjonen: „Kvifor skal me senda missjonærar ut
til Afrika? me hev nok av heidningar her i landet!"
Er det sant? Nei! det er nok o stort vas. Etter
900 aars kristendom hev me ikkje heidningar nok
i Norig. Fraafalne kristne hev me altfor mange.
Men det er noko anna enn heidningar. E* n
fraa-fallen kristen hev større andsvar, men uan hev
og den store fyremun: at han hev kristen arv og
kristen paaverknad aa byggja paa. „Ein fritenkjar
kann liva likso bra som ein kristen!" — ja det
trur eg vel — i eit kristna land: lenge etter han
hev snutt ryggen til Kristus, ber kristendomen
frukt i hans liv.

Dei som hev vore ute i heidningeiand segjer
me maa ikkje likna tilhøvi her heime med deim
derute. Endaa kulturfolk som indarne og
kine-sarane ligg under ein aands-trældom som kristne
land ikkje kjenner til. — Ein missjonær fraa
Afrika kom til Spania; me veit spanjorarne stend
ikkje høgt i kristendom; men like vel sa han: daa
eg kom i land i Spania, hadde eg ei kjensla som
e9 kom ifraa djevelens rike og radt inn i Guds
rike. So stor skilnad var det paa folkelivet i
Atrika, med dei mange tusund-aars heiden arv, og.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free