- Project Runeberg -  Den Norske folkekyrkja /
25

(1907) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 25 —

Den nyare vekkjings-maaten hev krenkt noko
av det finaste i det norske folkelyndet.

Det høyrer oss nordmenner til: at me er
aandeleg bljuge. — Det kann verta for mykje av
aandeleg bljugskap: naar mann og kone ikkje kann
opna seg for einannan, naar foreldre og born eller
gode kammeratar aldri kann faa snakka saman um
Vaarherre, — daa er det for mykje av det gode;
daa kann det brenna inne mykje som skulde hava
luft. — Men elles er den aandelege bljugskapen
ei naturgaava fraa Gud til folket vaart. Dermed
skal folket vaart læra djupare og varmare aa liva
det livet som er „løynt med Kristus i Gud".
Løynromet er det allraheilagste i kristenlivet; der
skal norske kristne hava styrken sin — i det som
me og Gud hev oss imillom: anten me sit paa
kyrkjebenken og syng, bøygjer kne ved altarbordet,
ber borni vaare fram til døypefonten, eller me sit
heime og strider med oss sjølve. Dei djupaste
røynslorne kann ord ikkje tolka.

Den nyare vekkjingsmaaten krenkjer
bljugskapen, med di han tvingar folk paa kne so mange
ser paa det; der stend dei hine og tittar, og kann
fortelja vidare: i kveld var han paa kne, i kveld
var ho paa kne. Og so skal dei fram og vitna!
Ja — naar ein hev trong til det, so lat han faa
rom for vitnemaalet sitt: alt som gjeng naturleg
hev sin rett. Men naar dei tvingar folk fram — til
aa skrifta synderne sine i ei stor forsamling — og
fortelja Per og Paal sine dyraste røynslor, daa
gjerer dei stor synd mot folket, mest mot
ungdomen. Det gjeng som med dei fine plante-røterne:
naar dei kjem upp i ver og vind, daa turkar dei.
Her hev turka burt mykje av livs-røterne aat
kristendomen her i landet paa den maaten. Kann henda
engelsmann og amerikanar ikkje tek so mykje
skade av det; han er onnorleis laga, utaatvend,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 02:32:44 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/folkkyrkja/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free