- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
12

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

12 Av laak Ætt

vaksen Kar no. Han vilde vera med som dei
andre.

Der var mange Folk i Laget. Dei song
og staakad og lo. Alle var glade. Han saag
gjenom Vindaugo, kor dei svingad seg. Det
var gilde Folk, beste Ungdomen i Bygdi; dei
hadde ikkje nokot aa blygjast fyre, dei. Dei
kunde gaa og koma kor dei vilde; aat dei flirde
ingen. Dei var av godt Folk og høyrde Bygdi
til alle. Og alle hadde dei sine Kjenningar.
Kvar Gut hadde si Gjenta, kvar Gjenta sin Gut.
Dei kunde nok dansa og hauka og slaa Hælarne
1 Golv og Tak. Dei hadde Retten til det.

Leiv vart med ein Gong reint modlaus, Kva
hadde han her aa gjera? Kven brydde seg um
honom her? Han kjende ikkje ein Kryp. Dei
vilde berre gjera Gjøn av Son hans Svarte-Aas-
bjørn, um han vaagad seg inn. Dei vilde undr-
ast, og glo paa han, og kaldflra. Den Fante-
guten! den Bytingen! »Slike vil me ikkje vita
av i godt Lag l« Leiv sveittad, der han stod,
kaldsveittad. Det gjekk kvasse Styngjer gje-
nom han, kvar Gong.Gjenturne lo. Dei var
glade der dei var, dei, og saknad ikkje Leiv
Hegglid. Gutar stod paa Trammen og svallad
med Kvinfolk innanfyre. Dei turvte ikkje røma,
naar dei saag Gjentur, og Gjenturne rømde ikkje
for dei. Han stod og stirde og lydde og ovunde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free