- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
14

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

TA Av laak Ætt,

kom ut, stimde ihop og glodde, kunde ikkje
skyna, kven det var og kor dette hadde seg.
Best som det var fekk ein taka Foten unda Leiv,
so han datt aalveltes” »No ein Mann hit til
Hjelp, so skal han for Dagen l« vart det ropt.
Ein flaug til. Men i det same han skulde taka
Tak, stanad han og gav seg til aa læ. »Kjære
vene, er det du?*« sagde han. »Kor ber til du
ligg her? Statt upp og ver med inn; det er
mykje likare det. Du er daa ikkje rædd Folk,
veit eg?« sagde han. Det var Lars. Leiv vart
so fegen av aa finna ein Kjenning her, at han
stod upp og fylgde med det same. Folkeflokken
etter, og ikring; alle varforvitne; det dreiv med
Leutur og Laatt; »du vert fagnad som Storkar,
du: sagde Lars og lo. Tilslut stod dei i Danse-
stova. Leiv rette seg upp i si fulle Høgd og
saag stivt ikring seg med sine store blanke
Augo. Han var høgare enn dei fleste, og herde-
breid, fast vaksen som ei Eik, Bringa steig sterk
fram under den sundrivne Kufta. Augo var
svarte og hadde ein vill Glans etter Slagsmaalet;
det store Haaret laag i digre Lokkar og Krullar
kring Huvud og Nakke, men Blod rann fraa
Tindingen ned yver Kinnen hans. Dei saag
mest fælne paa denne ville Karen. Daa var
det ein, som skreik: »det er Son hans Svarte-
Aasbjørn|« Og i samme Blinken kjende dei han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free