- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
24

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

24 Av laak Att

at...; daa kjem dei alle ihop og vil gjera seg
kjende; eg vert heitande ein gjæv Mann og ein *
gild Mann... . og gjeng det daa i andre Maa-
tar som eg ynskjer; so skal eg sidan sitja paa
Garden min som ein av dei beste i Bygdi«.
Alvhild vart so glad, ho kjende ikkje til seg.
Det var makalaust godt paafunnet av Leiv,
dette, totte ho. No turvte ho ikkje fæla for
Bygdesnakket, elder for dei gamle. Naar
han kom heim slik, so vilde ho faa han med
Æra og med alle gode Folks Samtykke. »Det
er ein god Tanke, dette«, sagde ho høgt, men
vart med det same so bljug, at ho snudde seg
ifraa han og lagde all sin Umtanke paa Strævet
med Hatlekvisten.

Leiv vart og bljug av aa høyra so stor ein
Ros; han komffreint av det og visste ikkje, kor
han skulde finna innpaa att. Tilslutt laut Alv-
hild taka i. »Kor lengje vert du verande i
Amerika?« sagde ho. »Aa, um fire Aar er eg so
tilkomen Kar, at eg kann taka imot Garden;
daa kjem eg... dersom det gjeng som eg
ynskjer med ein Ting. Men paa den eine Ting-
en stend det alt; gjeng det ubeint med den,
so fær ingen sjaa meg att meirhere«. No kjem
det, tenkte Alvhild; Skjelten tog henne paa
nytt. Leiv saup etter Anden: »Og den, som det
stend paa, sagde han, »det er deg, Alvhildc. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free