- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
31

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av laak Ætt, 3I

fekk sjaa Andlitet hennar fraa Sida. »Men det
er mange som meiner«, sagde han, »at denne
Amerikatanken kom fælt so braadt, — og der
er nokot i det. Sjølv sagde han ingenting um
det; men ein gjer seg altid sine Tankar. —
Skal undrast paa, um det finst nokon som veit
nokot?«

Ho var raud og varm og makalaust fager.
»Du lyt helsa, naar du skriv«, sagde ho og gjekk,
liksom støkt av sine eigne Ord. »Gudskjelove,
tenkte Aasbjørn, »so er det daa avgjort millom
dei unge«.

Um eit Par Maanadar fekk han Brev fraa
Leiv. Han skreiv um mange Ting, var komen
godt til derburte og hadde godt Mod. Tilslutt
stod der: »Du sagde eit Ord daa me skildest,
som eg hev undrast mykje paa. Visste du nokon
Ting um det, som er millom meg og Alvhild?
Er det Lars, som hev fortalt um det, maa du
jaga han or Bygdi. Ingen maa vita nokon Ting
um det enno. Men henne vilde eg gjerna helsa;
eg meiner ho skal ikkje trega paa det som ho
hev gjort«. Dette Brevet fekk Aasbjørn stikka
til henne ein Dag med Kyrkja. Han saag, ho
vart glad. Sundagen etter fekk han Brevet att,
og inni laag ein liten Setel »Til Velagte Ung-
karl Leiv Aasbjørnson Hegglid i Amerikac.
Sidan hende det fleire Gonger, at det gjekk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free