- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
33

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Av laak Ætt. 33

heldt han seg framme. »Med slike maa ein
gjeva Taal«, tenkte Knut. »Dei gjeng so lengje
og vél og vrakar, til dei ein god Dag er glade
til, at det daa er Ein etter, som dei ikkje hev
styrt fraa segc<.

Ut paa Hausten fekk Aasbjørn eit nytt
Brev fraa Son sin. Der stod millom andre
Ting:

»Eg hev arbeidt hardt denne Sumaren. Det
er som eg ikkje hev visst, kva Arbeid var, fyrr
eg kom hit. Me er late der heime, og hev al-
dri Vit paa aå bruka Tidi. Men her fær ein
læra, at Tid er Pengar, og ein lærer aa bruka
seg. Difor er her meir Fart i Folk her og meir
Liv og her vert meir gjort. Heime er alt med
det same fraa Aar til Aar og fraa Mannsalder
til Mannsalder; kvar Mann gjer like eins som
Far hans og finn aldri paa nokot nytt. Difor
vert det den same Armodsdomen. Men her
arbeider dei med aa finna ut Forbetringar. Mest
alting gjeng med Maskinar, og alle er med i
Politiken, som me heime ikkje veit nokot um.
Naar eg kjem heim, skal eg fortelja um dette.
Eg lærer aa tala ogso her; det gjeng ikkje an
aa vera so tigjande og ordrædd av seg i Amerika.

Eg ser meir og meir, at eg heime. var eit

3

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free